Når:
12. november 2019@18:30-20:00
2019-11-12T18:30:00+01:00
2019-11-12T20:00:00+01:00

Direktør i Språkrådet Åse Wetås: «Norsk språk i dag og i framtida».

Som leksikograf og språkvitar har Åse Wetås vore prosjektleiar for Norsk Ordbok, og frå 2015 har ho vore direktør i Språkrådet.

Åse Wetås seier: «Det er mykje som skjer på språkfeltet i Noreg for tida. Kulturdepartementet kjem i haust med framlegg til ei eiga språklov, noko Noreg aldri tidlegare har hatt. Saman med lova legg departementet fram ei språkmelding som skal gjera greie for dei viktigaste innsatsområda for den norske språkpolitikken i åra som kjem. I tillegg arbeider Utdanningsdirektoratet med nye læreplanar i skulen, både opplæringslova og universitets – og høgskolelova er oppe til revisjon. Alt dette er viktig for både framtida til norsk og dei nasjonale minoritetsspråka våre i åra som kjem, og dermed er det sjølvsagt vesentleg for vilkåra til det nynorske skriftspråket».

Arrangør: Mållaget Dag.

Inngang: 100,-

Translate »