Når:
18. februar 2020@18:30-20:00
2020-02-18T18:30:00+01:00
2020-02-18T20:00:00+01:00

Bjørn Bø om «Politikk og andre folk. Om mål, moro, makt og avmakt gjennom førti år».

Bjørn Bø starta som NRK-stipendiat i 1976. Han arbeidde i NRK Telemark frå 1977 til 1984 og sidan i Dagsnytt. Frå 1986 til han gjekk av med pensjon i 2013, var han tilsett i politisk avdeling der han også har vore leiar. I ein periode var han NRK sin Stockholm-korrespondent. Han er særleg kjend som politisk kommentator, programleiar for Politisk kvarter og for innsatsen under NRK sine valsendingar heilt frå 1970-talet.

Bjørn Bø er frå Vinje. I 2005 fekk han Storegut-prisen. Styret i Litteraturdagane i Vinje sa dette om tildelinga: «Som radiomann i mange år, hev han nytta nynorsk på ein måte som kan tene som mønster for alle, ei normalisering som ikkje løyner målføret som ligg i botnen og gjer målet personleg».
I 1997 fekk han Kringkastingsprisen.

Alle er velkomne til møtet på Skien bibliotek, «Brunosten».
Inngong kr. 100,-.

Arrangør: Mållaget Dag

Foto: Bernt Sønvisen/FLICKR.com

Translate »