Når:
3. desember 2019@18:30-20:00
2019-12-03T18:30:00+01:00
2019-12-03T20:00:00+01:00

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn: «Nynorsk i det nye fylket Vestfold og Telemark».

Magne Aasbrenn er lektor og forfattar, og frå 2016 leiar i Noregs Mållag. Han er busett i Fredrikstad, og har vore aktiv med i arbeidet for Østfold-dialekta. I 2009 fekk han Østfoldmålprisen.

Han har vore ein tydeleg leiar i Noregs Mållag, og vore aktiv i debatten for nynorsk i det nye fylket Vestfold og Telemark. Då Fylkesmannen i Vestfold og Telemark ikkje ville fylgja mållova som seier at han skal bruka nynorsk, sa Magne Aasbrenn at dette var absurd.

På desembermøtet vil Magne Aasbrenn snakka om korleis mållova vil verka i det nye fylket Vestfold og Telemark.

Arrangør: Mållaget Dag

Inngang: 100,-

 

Translate »