Stemma frå Telemark

Tekst: Arne Olav Hageberg

Han står på eit tun, på ein gard, under eit tre, omgitt av svagande kornåkrar. Løfter blikket mot nutane, stjernene, Europa – står med beina planta på kvar side av ei grense som ingen kan sjå. Mellom landsmål og bymål, traktor og trikk, jord og ord.

Grensa går rakt gjennom han og strekker seg ut til begge sider, ei linje, eit skilje – ei rand uskifta land. Sørover kryssar den snart eit skogholt, så elva Heddøla med sine bare sandbankar. Nordre Vestsidaveg blir skoren over på tvers, linja fresar vidare over skogville Lifjell, kjem til Bø, Lunde, Drangedal før den stupar ut over kontinentalsokkelen. Mot nord er det mil etter mil med skogar og fjell, nær sagt folketomt, som Noreg mest alltid er, grensa snittar ein fjellvandrar her, ei lita bygd der.

Dette skiljet er Telemark. Det er på denne grensa det skjer. [Teksten held fram under biletet.]

Hans Herbjørnsrud portrettert av Notodden-kunstnaren Tor-Arne Moen i målarstykket «Mentorens rite».

Eg er ung og full av kjærleik. Inntil nyleg har Telemark vore attlate. Ein etappe mellom vest og aust. Alltid rikt på inntrykk. Snø og granskog kan få det til å søkka sjølv i eit kysthjarte, men då på den framande sitt vis. No er eg i ferd med å bli heime også her. Eg studerer litteratur ved Universitetet i Oslo – var det der eg første gong fekk høyra om novellemeisteren frå Heddal? Eg trur det. Ei tid for oppvakningar: litterære, ideologiske, erotiske. Eg er 23 år, på veg i bil mot Vest-Telemark der ho eg elskar har hausta heile sin barndom – magien, euforien, det mørke. No tek ho meg med seg dit for å visa og dela. Kvart tre er eit minne, kvar sving ei forteljing, kvar stein har ein bodskap. Slik står hennar barndoms verd fram for meg. Sjølv veit eg ingenting om dette. Eg er rastlaus og rotlaus. Men her – vi har nett passert Notodden, kjent historia kribla i sideblikket frå Heddal stavkyrkje som fer forbi på høgre sida av bilen – her må det vera! Der er garden, garden med blinddøra! Her finst det ein port til magien, euforien og tragedien også for meg. Her på grensa mellom aust og vest, innland og Grenland, bygd og by – her byrjar litteraturens rike. På venstre sida av vegen ein stad når ein køyrer frå Oslo til Vest-Telemark, sit Hans Herbjørnsrud og skriv. Er det den garden der? Står han der på tunet? Om vi hadde teke av frå E134 og køyrt inn på tunet hadde han kanskje møtt oss der på grensa, og eg kunne ha spurt han: Er det viktigast å pløya i jorda eller i orda? Å hausta korn eller metaforar? Kan ein leva utan det eine? Kanskje hadde han svart meg som han har gjort andre at han ikkje bare dyrkar korn, men også ein god del noveller på desse jordene. Det gror metaforar her ute.

Metaforar! Ordbilete! I Hans Herbjørnsrud sine noveller er dei over alt. Dei lekkjest saman, sprutar fram, renn som dominobrikkar.

Trykk her for å komme til Den litterære titopperen

Unni Solberg komprimerer forfattarskapen hans slik i kompendiet frå Herbjørnsrud-seminaret i 2005: «… ledemotivet er døden og kunstens seer- og sannsigerfunksjon. Her fødes det ene bildet av det annet, de metaforiske sammenlikningene står som egne ´bildefortellinger´, og humor og vidd veksler med det beskeste svartsyn.»

Sjølv har han snakka om korleis han brukar metaforar til å bryta opp realismen. Metaforane ynglar, slik kan det nære og konkrete bli noko anna og meir i ei og same setning. Der vi står på tunet kan han peika på husveggen og visa meg korleis sola kastar stråler parallelt med borda, slik at sjølv den minste fura i veggen trer fram og kastar lange skuggar, som på fotografi frå månelandinga i 1969. Som månesteinane kastar det ru i veggen skuggar. Samanlikninga og metaforane tek oss ein annan stad.

– Eg vil ikkje ha ein klaustrofobisk realisme, eg vil bruka metaforar til å sprenga den.

Og så:

– Di sterkare du opplever røynda og di nærare du kjem inn på den – desto meir fantastisk blir den. Då er det ikkje lenger mogleg å beskriva den ved hjelp av ein platt skomakarrealisme.

Sjølvsagt har han stridd. Eg ser for meg stunder då kornet måtte inn og orda måtte ut, då regnskyer kom krypande over Lifjell og truga med å øyda avlinga om den ikkje kom snart i hus, men så pressa skrifta seg på, ein tanke måtte tenkast til ende. Var det sånn?

Sjølvsagt er kunsten ein luksus og matauken ei plikt. Garden ei arv og orda ein tarv. Eller heng det tettare saman enn som så? Heng vitettare saman? Kan vi skilja det eine frå det andre?

– De må helsa på kona mi, Anna! kunne han kanskje sagt, og introdusert oss for ho som han kallar sin viktigaste støttespelar. Livslosen Anna Tranberg vaks også opp med jord, på ein gard på Jylland lærte ho seg at avlinga må i hus og traktoren ha olje, dyra ha for – og menneska ord. Ho blei både historikar ved Universitetet i Søraust-Noreg og ein motor i drifta på Herbjørnsrud gard. Samstundes har ho alltid støtta forfattaren og leia han frå side til side under skrivinga, seier han sjølv.

Eller eg kunne ha spurt Hans Herbjørnsrud korleis han begynte å skriva, og han kunne fortalt meg om tida like etter at han kom attende til Heddal for å ta over garden i 1976. Han var 41 år då ei stemme meldte seg, mest som ein slags hallusinasjon, trengte seg på og kravde å bli skriven ned. Han har sagt at opplevinga til hovudpersonen i novella «Vannbæreren» frå samlinga med same namn ligg nært på det han sjølv opplevde:

Fire dager før Tormod Sveen kom på besøk, hadde jeg brent meg tvers gjennom et kvalmende litterært blomsterspråk og falt ned på bunnen av en rå personlig virkelighet der hvert ord måtte skrives med hele kroppen. Det skjedde så brått og uventet at jeg opplevde det som et fall, en lem ble trukket vekk under beina mine, og før jeg visste ordet av det, falt jeg rett ned i et taktilt, erogent språk som omsluttet meg som vann, som luft. Verden ble med ett forandret der og da. Jeg ble forandret, rettere sagt. Plutselig befant jeg met inne i en levende, varm og pustende språkkropp som kunne gå fritt omkring i verden og se seg om og ta på trær og stein og vann og dyr og mennesker. Det føltes som jeg var blitt et helt annet menneske og fått en fullstendig ny og ubrukt kropp, og jeg ble så hoppende glad at jeg ikke kunne sitte stille, men måtte ut og løpe hver gang jeg var ferdig med å skrive.

Kankje ville han sitert Lars Gyllensten til meg der på tunet, sagt at kvar enkelt av novellene hans er ein hypotese i ei stadig innkrinsing av kva mennesket og røynda er. Den endelege skildringa kan aldri bli gjort. Likevel prøver ein, gjennom stadig nye språk, nye identitetar og nye innfallsvinklar å krinsa inn det verkelege, vel vitande om at alle slike forsøk er hypotesar.

Eller kanskje han heller ville fortalt om oppveksten i ein nær sagt boklaus heim:

– Eg er født bokgal og maula allslags skrift eg fekk tak i. Men heime hadde vi bare fire bøker då eg var barn: Bibelen, Landstads salmebok, ei bok om bier og birøkt og ei om Hans Majestet Kongens garde, for far hadde vore gardist då han avtente verneplikta. Boka om Kongens garde reiv eg i filler då eg var to år. Dermed satt vi att med tre bøker. Når svolten reiv som verst, gomla eg bier og vokskaker.

Inspirasjonane er mange. Tarjei Vesaas, Johan Borgen, Freud, Kafka og ei rekke andre. Ja, han er modernist, men også postmodernist. Han har ein eigen stil, ein slags norsk magisk realisme, eller er det ein telemarksk magisk realisme? Ein heddalsk magisk realisme? Kunne desse bøkene vore skrivne ein annan stad i ei anna tid? All verkeleg god litteratur er aktuell herfrå til verda går under. Tenk på livsvilkåra som endrar seg. Tenk på forskjellen mellom 1976 og 2018, og likevel kjennest ikkje tekstane frå debutsamlinga Vitnergamle ein plass. Den første han skreiv var, Grete, 17. Det er #metoo 40 år før tida, eller noko heilt anna, det er opp til den som les. Men sant og menneskeleg, eksistensielt og aktuelt er det.

Kornet blir hausta, tørka, malt til mjøl. Vi kjenner alle til den tunge, smilande sorgløysa som kan setta seg i oss når vi har ete oss mette på skjever av lunt brød. Dette er kornet sitt endelege mål. Kva er målet med litteraturen? kunne eg spurt forfattarbonden der på tunet. Skal den og metta og behaga? Kanskje ville han svart meg som han har svart andre:

– Ein skal ikkje søka litteraturen for oppbygging. Det er i alle fall ikkje mi oppgåve å driva med forsoning og utglatting. Sei heller at litteraturen gjer livet rikare, fordi den også viser fram dei sidene vi ikkjevil sjå. Litteraturen skal ikkje bare visa idyll og harmoni, men også brota – alt det vi til daglig ikkje er merksame på, eller skyver vekk og prøver å fortrenga. Litteraturen skal snarare provosera fram motsetnadane som ligg under overflata, også dei kreftene som ligg under sivilisasjonen si overflate.

Det som ligg under sprenger seg fram i tekstane hans, som uhygge, vald, minner om vald – eller mest av alt ein angst for det destruktive. Hans Herbjørnsrud er open om at utgangspunktet ligg i det konkrete, i staden og garden og forfattaren sitt eige sinn. Men han motset seg heimstaddikting og nøkkelnovellemakeri. For røynda er så skjør, menneska er skjøre, lokalsamfunn er skjøre. Ein forfattar som lener seg for tungt på det verkelege kan enda opp med å knusa det. Likevel ligg det under, som det djupaste som aldri skal nemnast, aldri rørast med tekst.

Det finst ei oppleving frå barndomen. Eit «pregingsøyeblikk» i Hans Herbjørnsrud sitt eige liv. Noko han skriv på, men aldri kan snakka om. Han vil ikkje røra den opplevinga. Han vil ikkje ta hol på den. Men den ligg bak alt han skriv. Den har blitt ein visjon av tilværet for han, noko som fortolkar og set i samanheng ting han ikkje ville ha sett dersom han ikkje hadde hatt den opplevinga. Om vi hadde møtst der på tunet og eg hadde pressa på, mast om detaljar, vist min attrå etter biografi, biografi, biografi – då ville han kanskje svart meg som han har svart andre:

– Nei, denne biografiske hendinga kan eg ikkje seia noko om. Men det eg kan seia, er at den var fylt av vald og brutalitet. Bak det eg skriv om vald og brutalitet, gøymer det seg eit skremt barn si redsle.

Mot denne redsla held det ikkje med nybakte brød. Her må ein ty til ord.

Vi kunne ha sett oss i bilen, takka for oss og vinka farvel gjennom nedrulla vindauge. Gitt livet gass, kryssa grenser, mange før og etter som vi ikkje visste om.

Medan Hans Herbjørnsrud midt i Telemark heldt fram med å dyrka si jord og meisla eit skilje i ord.

*

Essayet blei første gong framført på Ibsenhuset i Skien onsdag 26. september 2018, under Stemmer fra Telemark, eit arrangement i regi av Litteraturhuset i Skien og Skien bibliotek. Hans Herbjørnsrud var til stades under framføringa og las sjølv to noveller etterpå.

Innhaldet lener seg tungt på fleire kjelder, først og fremst Alf van der Hagen sitt intervju med Hans Herbjørnsrud i boka Dialoger II som kom ut på Oktober forlag i 1996.

Se også denne gode videoreportasjen og intervjuet med Hans Herbjørnsrud. Laget av John Olav Hovde og Helge Anderson for TV Øvre Telemark i 2006.

Hør forfatteren snakke om sitt litterære univers, gården i Heddal og boka “Blinddøra”, vår utvalgte tittel i formidlingsprosjektet Den litterære titopperen.

 

 

Translate »